
TOBIAS STEN
Tobias Sten frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring – og har opptrådt sidan då. Tobias trekkjer mot singer-songwriter-sida av countrymusikken og hentar inspirasjon frå Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse.
Med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda og sterke formidlingsevne er Tobias eit friskt pust i norsk musikk som gir den nye generasjonen ei stemme på stordamål i countrymusikken.
Han har allereie markert seg som ein artist å følgje med på, og mange ser fram til kva han vil bringe til countrymusikken i åra som kjem.