Hei du! Er du eit uoppdaga countrytalent som driv med countrymusikk heime på jente- eller guterommet? Eller er du målretta og kreativ i eit lite band som øver og øver, men aldri kjem utanfor døra?

Vi i Norsk Countrytreff og warner music norway ønskjer å komme i kontakt med nettopp DEG!

Du:

  • Er mellom 18 og 30 år gammal

  • Skriv låtar sjølv

  • Har lyst til å få vist deg fram for eit større publikum

  • Brenn for å komme deg ut i verda med musikken din

Du må:

  • Sende demo til talent@norskcountrytreff.no

  • Ha minst ei sjølvskriven låt, men du må sende inn to låtar totalt

  • Ha anledning til å ta med deg nokre musikarar til Norsk Countrytreff i juli (minst 2, i tillegg til deg sjølv)

  • Ha SMEISANDE lyst til å bli eksponert for eit større publikum

Vi:

  • Er Norsk Countrytreff og Warner Music Norway

  • Har 30 års erfaring som festivalarrangør

  • Representerer eit stort utval av dei beste norske artistane innan alle sjangerar

Vi vel ut tre talent som får komme til Norsk Countrytreff for ein musikalsk «showdown», der vinnaren får spele eit fullt sett på Norsk Countrytreff 2026! Du får tilgang til backstage der du kan møte artistane som har gått den lange vegen før deg, og du får vere med i ein stor produksjon i lag med 30 profesjonelle band og artistar. I tillegg får du eit honorar på 10.000,- frå Norsk Countrytreff samt eit stipend frå Warner Music Norway på 10.000,- til studiotid og innspeling av eigen musikk.

Warner Music Norway inviterer også til ein mentor-dag i Oslo, der du får møte teamet bak Warner. Der får du bli med på workshops samt møte gjengen bak WMN - og du får tips og triks til korleis du kan vidareføre draumen din om å bli artist!

Du må ha musikk til å dekke 20 minuttar speletid i 2025.

Vi dekker reise, kost og losji!

Om dette freistar – nøl ikkje med å sende inn demo no! Du kan sende lydfiler på mail eller lenke til lagringsteneste. Vi ser helst at du IKKJE sender inn CD eller minnepinne. Legg ved litt tekst om deg sjølv, kva du driv med, kven du eventuelt har med deg samt kva draumen din er med musikken. 

Frist for innsending er 1.april!