Festivalområde
Inne på festivalområdet fins det to scener, Kolbeins Saloon og Hesjestauren. Det er også festivalbutikk, merch-bod og andre salgsboder. I Kolbeins Saloon finn du også ein kafé med sal av varmmat og kald drikke.
Det er også barar i tilknyting til begge sceneområda.
Campingområder
Det er to campingområder i tilknyting til festivalområdet. Øvre camp og nedre camp. På begge campingområda er det plass til campingvogn, bubil, lastebil, campingbuss og telt. Det er toalett og tømmepunkt for campingtoalett på begge campingområder. Inngang til campingområdet er bemanna, og det er krav om festivalpass inkl. camping for å kome inn på camping.
Det er 18-års aldersgrense på alle campingområde. Vi har og ein stillecamp ved Breimshallen for dei som ynskjer dette. Det er ca 700 meter å gå til festivalområdet frå denne.
Campingområdet vårt føl nasjonale retningsliner for avstand mellom bueiningar (4meter), og vi ber alle gjestar om å respektere grensene som vert angitt av vårt personell.
Butikkar
I tillegg til eigen festivalbutikk med dei viktigaste varene for festivalgjengarane våre, har vi Coop Prix Byrkjelo og Bakar Jon som ligg på Byrkjelo, ca. 4.5 km frå festivalområdet. Det vert satt opp eigne handlebussar fredag og laurdag til Byrkjelo. Sjå eigne oppslag på festivalen.
Ledsagar
Vi i Norsk Countrytreff ønskjer å gjere festivalen vår tilgjengeleg for alle, og vi aksepterer derfor ledsagerbevis.
Reglar for bruk av ledsagerbevis:
Gratis inngang for ledsager: Innehavarar av gyldig ledsagerbevis kan ta med éin ledsager som får gratis inngang til festivalen.
Billettkjøp: Personen med ledsagerbevis må kjøpe ordinær billett til festivalen. Ledsager treng ikkje eigen billett, men må følgje innehavaren ved inngangen.
Framvising av bevis: Ledsagerbeviset må visast ved inngangen saman med gyldig ID.
Fleire ledsagarar: Dersom det er behov for meir enn éin ledsager, ber vi om at dette vert avklart med oss på førehand.
Tilgjengelege fasilitetar: Vi arbeider for å sikre at festivalområdet er tilgjengeleg for alle.Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spesifikke behov eller spørsmål om tilgjengelegheit.
Vi håpar desse tiltaka vil bidra til ei positiv oppleving for alle våre gjester. For meir informasjon om ledsagerbevis, sjå Helsenorge.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller treng ytterlegare informasjon.
Aldersgrenser
På dagtid og fram til kl. 18 er det ingen aldersgrense på festivalområdet, utanom på campingområdene. Etter kl. 18 blir Kolbeins Saloon stengt for unge under 18 år, men vi har eit eige område for desse ved scena på Hesjestauren. Vårt campingområde har 18 års aldersgrense.
Ved brot på aldersgrense blir ein vist vekk i frå området.
Tryggleik
Norsk Countrytreff verdset publikum og artistar sin tryggleik, og er rusta for å handtere ulykker og brann både på festivalområdet og på campingområdene. Vi har tett samarbeid med Politi, Røde Kors samt profesjonelle private tryggingsselskap.
Campingområdet vårt føl nasjonale retningsliner for avstand mellom bueiningar, og vi ber alle gjestar om å respektere grensene som vert nytta av vårt personell.
Innslepp på camping
Innslepp på campingområdet vil starte onsdag 9.juli kl. 13:00. Vi oppfordrar gjestane våre om å nytte alternative venteplassar i kommunen i påvente av opning av festivalcamp.
Alternative stadar å stå er Reed Camping, Breimsvatnet Camping, Byrkjelo Camping, Gåsemyr Camping, Gloppen Camping eller ein campingplass i ein nabokommune.
Toalett
Det er gode toalettforhold på festivalområdet, med hovudtoalettbygg lokalisert mellom Kolbeins Saloon og Hesjestauren. Toaletta har kontinuerlig bemanning, og blir vaska og stelt regelmessig. Det er også satt ut toalettbrakker fleire stadar på begge campingområda våre.
Det er og eige toalett tilpassa rullestolbrukarar på hovudarena og øvre og nedre camping.
Dusj
Vi har eige dusjanlegg for campinggjestane våre, og dette er lokalisert ved ridehallen ved nedre campingområde. Dusjanlegget har kontinuerlig bemanning i åpningstidene, og vi garanterer alltid varmt vatn. På Fjordhestgarden er det dusj til rullestolbrukarar.
Parkering
Det er tilrettelagt for parkering utanfor festivalområdet, og alle parkeringsområder er godt merka. Vårt festivalpersonell vil sørge for å veilede deg til rett parkeringsplass. Merk at nokre parkeringsplassar befinn seg 5 minuttars gange unna festivalområdet.
Lastebilcamp og parkering
Det er ikkje anledning til å parkere vogn, bubil, buss, lastebil eller anna bu- og framkomstmiddel på bana aust for festivalområdet i påvente av at innslepp på camping skal starte onsdag. Dette området skal nyttast til lastebilcamp, og vi treng sjølve området i forkant av festivalen.
Hørselvern
Tidvis kan det vere høg lyd på festivalområdet. Tenk spesielt på å beskytte små born ved bruk av hørselvern eller øyreproppar.
Du får kjøpt øyreproppar i merch boda på festivalområdet.
Kva kan eg ikkje ta med?
På festivalområdet er det ikkje anledning til å ta med seg eigen alkohol. Dette gjeld også ved gjennomgang mellom øvre og nedre campingområde. Det er satt opp eiga rute for dei som vil ta med alkohol mellom campingområda, som er merka med skilt.
Fyrverkeri, eigne stolar/bord, våpen, hundar som ikkje er registrerte tenestehundar, støyande utstyr, laser-peikarar eller andre objekt som kan medføre skade på personell eller utstyr er forbode.
Det er ikkje lov å ta med hund på camping eller festivalområdet ellers. Unntak er stillecamp ved Breimshallen.
Festivalbussar
I samband med festivalen blir det satt opp festivalbussar frå fleire stadar i området, med retur på natt.
Meir info kjem her
Inngang hovudarena
Det er to inngangar til festivalområdet.
Øvre inngang går over flat grusplass, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett i porten. Ein kan ikkje hente ut t.d sponsorbillettar eller endre billettype i denne inngangen. Etter kl. 18.00 er denne inngangen ikkje open for under 18 år.
Nedre inngang er ved Fjordhestgarden, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett ved inngang. Dette er inngang for under 18 år etter kl. 18.00.