Gratis instutisjonskonsertar
I 2010 starta vi opp tilbodet Country for eldre for å nå ut til ytterlegare ei målgruppe. Og vi har sidan den gong, årleg tatt med oss festivalen ut på tre ulike institusjonar i kommunen.
Vi tar med oss kaffi og kaker og fortel litt om Norsk Countrytreff.
I samarbeid med pensjonistlag, diakoninemnd, Frivillighetssentralen og heimetenesta kjem også eldre som bur heime til konserten, dei får skyss til og frå. Dette er blitt eit svært godt motteke tilbod.
Det er ein stor verdi å kunne tilby kulturtilbod av høg kvalitet til dei mange som ikkje sjølv kan oppsøke dette. Og for mange av dei som bur heime er det også eit svært viktig sosialt tiltak, der dei får muligheten til å komme seg ut for eit avbrekk i kvardagen.
Vi utvidar eldrekonsertane i år!
Våre trufaste vener Longhorn frå Lærdal har vore ein fast del av Norsk Countrytreff sidan 1997, og vi er glade for å ha dei med oss igjen i jubileumsåret 2025!
Longhorn skapar alltid god stemning, og som vanleg vil dei bidra på eldrekonsertane og under kyrkjekonserten. Dette tilbodet har blitt ein kjær tradisjon som betyr mykje for mange.
Nyheit i 2025!
Vi ønskjer å gi endå fleire moglegheita til å oppleve denne flotte musikken, og difor utvidar vi eldrekonsertane med ein ny lokasjon – Skei!
Det betyr at vi no besøkjer:
- Byrkjelotunet (torsdag 10. juli)
- Løkjatunet (torsdag 10. juli)
- Gloppen Omsorgsenter (fredag 11. juli)
- Skei Omsorgsenter (fredag 11. juli)
Vi gler oss til å skape gode musikkopplevingar saman – sjåast vi der?