FESTIVALCAMPING
Norsk Countrytreff har tre campingområder som ligg i tilknytning til hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard. Dette er øvre, nedre og TruckNor Trailercamp.
I tillegg har vi ein ´stillecamp´ ved Breimshallen, ca 700 meter frå festivalområdet.
Sjå kart for detaljar.
Festivalpass inkl. camping
Onsdag til søndag: 2975,-
Torsdag til søndag: 2875,-
Fredag til søndag: 2670,-
Laurdag til søndag: 2055,-
Tillegg pr. bu-eining 285,- * (inkl. straum)
Personar under 18 år har ikkje tilgang til vår festivalcamping. Alder vil bli sjekka ved ankomst.
Legitimasjonsplikt ved innsjekk.
* Kjøp bueining om du har med deg eiga campingvogn, bubil, telt etc.
Om fleire personar bur i lag i same bueining er det kun ei bueining som skal kjøpast, men alle personar må kjøpe festivalpass inkl. camping.
Skal fleire bu i lag i f.eks ei campingvogn kjøper ein 1 stk. bueining i tillegg til festivalpass for alle. Festivalpass inkluderar adgang til konsertar på hovudarena for dei dagane ein har kjøpt.
Vi gjer merksam på følgande:
Innsjekk til følgande opningstider:
Onsdag 12.00 – 22.00
Torsdag 10.00 – 01.00
Fredag 10.00 – 01.00
Laurdag 10.00 – 22.00
Innkøyring onsdag 13.00 - 22.00
Innkøyring torsdag 10.00 - 01.00.
Innkøyring fredag 10.00 - 01.00
Innkøyring laurdag 10.00 - 22.00
Alle bueiningar må ha løyst eigen billett for bueining, uavhengig kor mange som bur i denne.
Det er ikkje mogleg å førehandsreservere plassar på festivalcampen.
Det er 18 års aldersgrense på festivalcamp, og alle MÅ vise legitimasjon ved innsjekk.
Alle må ha godkjent brannslokningsapparat og gass og røykvarslar i campingvogn, bubil, lastebil og buss.
Ta med eigne ´klossar´ for å vatre opp vogn/bubil.
Pass på at kablar for påkobling til vårt straumnett er av god kvalitet og dimensjonert til formålet.
Tømming av eigne toalett skjer på oppmerka tømmepunkt. Det er to tømmepunkt på øvre camp og eitt på nedre camp - ved toaletta. Desse er merka, og har også vannslange for skylling av toalett.
Vi gjer merksam på at det er ikkje lov å ta med hund på hovudarena eller våre festivalcampar. Unnataket er for stillecamp ved Breimshallen.
Dei som ynskjer camping utanom festivalcamp, må kontakte campingplassane i kommunen
´Villcamping´ i nærområdet er ikkje lov og medfører bortvising frå området
Reglar og informasjon
Som vertskap håpar vi at alle følgjer desse reglane for opphaldet, slik at vi unngår problem og unødvendige sikkerheitsrisikoar.
Ta omsyn til kvarandre og ha ei flott helg på Norsk Countrytreff!
-
Vi har dei siste åra oppgradert straumanlegga på begge campingane. Vårt mål er å tilby alle bueiningar straum men vi gjev ingen garanti .
Du kan bruke inntil 500W.
Du må ha med eigen straumkabel på ca 50 m, isolert, jorda og godkjent for utendørs brukVed straumbrot, ver venleg og sjekk eigne ledningar før du tilakallar vaktene. Dårlege kablar er den vanlegaste årsaka til utfall av straum. Sjekk gjerne tilstand på eige utstyr før du kjem!
Det er ikkje mulig å lade el-bil på festivalområdet. Næraste ladestasjon med god kapasitet finn du på Byrkjelo.
-
Det er lov å spele musikk på normalt nivå fram til kl.02.00. Etter kl.02.00 er det berre lov med svært låg musikk. Brot på dette vil føre til inndraging av anlegg og event. bortvisning.
Det er ikkje tillatt å bruke lydhorn frå lastebilar/bussar. -
Alle som har eiga bueining i form av campingvogn, bubil, buss skal ha montert godkjent røykvarslar og gassalarm, og brannslokkar!
Følg vaktene sine instruksar ved plassering av bueining. Branngater og seksjonering er svært viktig for å ivareta brannsikkerheita.
Meld eventuelle branntilløp til våre vakter.
-
Det er 18-års aldersgrense på festivalcamping og i skjenkeområdet på hovudarena.
Dei under 18-år disponerer eige område framfor hovudscena.
Forsøk på å snike seg inn på camping eller skjenkeområde medfører bortvising frå området.
NB! Legitimasjonsplikt!
-
ALLE har ansvar for å halde eiga bueining og området rundt ryddig og fri for søppel.
Sorter avfall etter tilvisningane på miljøstasjonane på campingområda og på hovudarena.
Alle bueiningar får utdelt sekkar ved innsjekk, som skal nyttast til restavfall og tomgods med pant. Glasflasker o.l kan ein kaste i eigne containerar på området.
Ved avreise skal plassen være rydda og fri for søppel. Det er IKKJE tillatt å forlate større ting som hvitevarer, sofaer, telt, vogner, osv ved avreise. Om dette skjer må gjesten betale regninga.
Hjelp oss å rydde og sortere!
-
Det er ikkje tillete med dyr på arena eller festivalcampingane.
-
Ved kansellering/endring på grunn av Force Majeure (som til dømes pandemi, brann, generalstreik, landesorg, naturkatastrofe og krig) gjeld ikkje avbestillingsreglar, billettar vert ikkje refundert.