RUBY RED
& THE MOONSHINE BROTHERS
Ruby Red & the Moonshine Brothers slapp sitt fjerde album i september 2023. «Getting Louder» vart ei vakker plate som trygt kan plasserast i hylla saman med andre flotte «nordicana»-album som har blitt gitt ut dei siste åra. Bandet har dei siste tolv åra vore med på å forme bølgja vi ser i dag av norske band som spelar popmusikk inspirert av amerikansk og norsk folkemusikk.
Den første singelen frå plata, «Full and Broken», er ein «gladtrist» song som handlar om å måtte gi opp den store kjærleiken, men likevel finne eit slags håp i at dersom det finst éin stor kjærleik der ute, kanskje ein får ein sjanse til i livet? Den andre singelen, «Ain’t My First Rodeo», handlar om å vere ein erfaren underdog og korleis det er å kjempe for noko ein trur på, men aldri heilt få det til. Den tredje singelen, som vart gitt ut i samband med albumslippet, heiter «You and Me in a Boat». Det er ein song om alt ein gjerne skulle gjort annleis for å redde eit forhold.
Der bandet tidlegare har hatt mykje fokus på eit heilskapleg sound og tema gjennom ei plate, er denne plata meir basert på låtane sine eigne premiss. Låtskrivarane er frontfigurane i ekteparet Marte og Nicolai Herwell, samt gitaristen Mats W. Wennerberg. Johanne Flottorp, som òg er kjend frå The Northern Belle, set sitt preg på lydbiletet med både hardingfele og flatfele. Mats Jakob Jebe Nesmann og Tobias Flottorp på trommer og bass har verkeleg funne grooven på plata, sjølv om dei spelte inn delane sine frå ulike stader i landet.
Kvar låt har fått det soundet den er meint å ha, og vi beveger oss frå rocka og sløye kampsongar, til drøymande, ambiente viser, til herlege poplåtar. Det er eit meir modent band vi møter på denne fjerde plata, og tekstane kretser rundt temaet kjærleik i ulike former. Resultatet er ei svært fin plate med sterke låtar, og med bidrag frå sjølvaste Kringkastingsorkesteret.
Plata er spelt inn over ein lang pandemiperiode av bandets eigen Nicolai Herwell. Han reiste rundt til resten av bandmedlemmane der dei bur og gjorde opptak i alt frå Kristiansand domkyrkje, til eit garasjeloft i indre Agder, til eit uthus i Telemark.
Sidan oppstarten som band i 2011 har Ruby Red & the Moonshine Brothers hatt ei dragning mot dei amerikanske slettene og historiene frå prærien. Gjennom dei to første platene lot bandet seg inspirere av symfonisk filmmusikk, folk, americana og spagettiwestern-filmar. På den tredje plata, «Over the Wall», tok dei konseptet eit steg vidare sørover, inspirert av latin- og mariachi-musikk. Tematisk kretser låtane rundt samfunnsnormer og komande generasjonar, men det var òg rom for dei klassiske, opprivande songane om kjærleik, og ikkje minst forteljingar om den hardbarka cowboyen. Denne fjerde plata byr på eit meir variert knippe sterke låtar i sound, men låtane høyrest framleis umiskjenneleg ut som Ruby.