STRENGEPLUKK
Strengeplukk (tidlegare Strengeplukk & Felegnukk) er eit bluegrass-band som vart etablert i Stavanger hausten 2015. Det heile starta då dei tre blågrasnyfikne karane Jakob Folke Ossum (gitar), Nikolai Storevik (fele) og Andreas Barsnes Onarheim (mandolin) byrja å spele saman. Få månader seinare vart også Thorbjørn Bilstad Olsen (banjo) og Lasse Gjestrud (bass) med på festen. Etter eit knallkjekt halvår med bandet, flytta Gjestrud imidlertid til hovudstaden og overlot bassroret til noverande bassist Vidar Starheimsæter. Bandet spelar eigeskrive blågras med tekstar på dialekt og har også eit stort repertoar av tradisjonell amerikansk bluegrass.
Sida oppstarten i 2015 har bandet vore ute på fleire norgesturnéar. Dei slapp sitt fyrste album “Fjellvegen” til strålande kritikkar sumaren 2018. Singelen “Spiker eller fjøl” vart sloppen våren 2020 og vart etterfulgt av 2 digitale EP-slepp som vart samla og utgitt fysisk på LP’n “Nyslått Blågras” i november 2020.
Sommaren 2021 var bandet etter halvanna år med pandemi endeleg tilbake på sommarturné langs vestlandet. Hausten etter følgde dei opp med å vera band for Judy Collins og Jonas Fjeld på deira norgesturné med plata Winter Stories. Ein særs vellukka turné der gruppa også fekk vist seg fram med eige nummer midt i showet.
Januar 2022 gjekk gruppa igjen i studio og spelte inn singelen “Du likar det” som vart sloppen våren samme år, etterfølgd av ny turné. På hausten same år vart det sloppe fleire singlar før gruppa sitt album, “Nålauget” vart sloppe i mars 2023. Albumet fekk gode kritikkar i både inn- og utland. Amerikanske “Bluegrass Today” skreiv blant anna at “It’s obvious that Strengeplukk has a keen understanding of bluegrass music. By the same coin they’re capable of crafting uniquely original material in that idiom”.
Hausten 2023 melde banjoist og medgrunnleggjar av bandet, Thorbjørn André Bilstad Olsen, sin avgong etter 8 år på vegen med Strengeplukk. Han og bandet skildest som gode vener og fortset å jamme og spele saman elles. Same haust vart det kunngjort at Mikael Jonassen tok over roret som fast banjoist i bandet.