COUNTRY CULT
Sorg, glede og glimt i auget! Med Country Cult får du den komplette pakka, og med den kritikarroste EP-en Hardships and Heartaches i bagasjen har dei vakse frå eit sagnomsust liveprosjekt til eit fullverdig countryband som ikkje står tilbake for nokon. Frekke licks frå telecaster, gråtande steelgitar og songtekstar som like gjerne kunne vore skrivne for 60 år sidan, er nokre av dei tinga som kjenneteiknar Country Cult – der dei balanserer på den tynne lina som den tradisjonelle countrysjangeren er – og alltid finn tilbake til balansen etter krumspring innom både rock og bluegrass.
Etter utgjevinga av Hardships and Heartaches i mai 2024 hausta Country Cult ros frå anmeldarar for å halde honky tonk-soundet i live, og det tok berre ein månad frå sleppet før plata hadde blitt spelt på over 400 radiokanalar verda over, frå rikskanalen i Noreg til store radiokanalar i USA, der røtene til Country Cults sound er festa.
“Dei osar av nostalgisk honky tonk og ivaretek arven etter George Jones og hans likemenn på best mogleg måte. Eg høyrer tradisjonell country, men også ekko av cosmic country à la The Byrds og The Flying Burrito Brothers. Dette gir håp for oss som meiner at countrymusikken som blei skapt for 50–60 år sidan framleis er liv laga,”
– Dagbladet-anmeldar Øyvind Rønning.
Som liveband skin Country Cult for fullt. Dei leverer eit show som får deg til å lengte, le og danse – og med nokre av country-Noregs fremste musikarar er du garantert å bli begeistra.