COUNTRY HEROES
Country Heroes spelar klassisk country og honky tonk. Dei har halde på sidan 2015 og spelt på fleire festivalar i Noreg, Danmark og har også vore nominerte til Ameripolitan Awards i Memphis, Tennessee.
Dei vert leia av Jørund Vålandsmyr, som har blitt omtala som ein av Noregs beste vokalistar. Til høgre for han finn vi gitar- og kormaestro Daniel Gullien. Bak står Noregs stødigaste countrykomp, med Bjørn Hagelund på trommer og Ivar Brynhildsen på bass. Og dei sjarmerande pedalsteel-tonane, som har smelta høyreapparat i årevis, vert spelt av Tore Blestrud.
Dette er altså ein gjeng som veit korleis det skal låte!
Bandet har gjeve ut to album, der Honky Tonk Tears frå 2018 vart nominert til Spellemannprisen. I januar 2025 er dei klare med eit nytt album som viser vegen vidare for denne velkledde gjengen!
Dette blir ein fest for både dei som vil danse og dei som berre vil lytte!