Den 4. september 2013 besøkte norsk-amerikanaren Charlie Rackstead radioprogrammet Lunsj i NRK P1 for aller første gong med sin omsette amerikanske countryversjon av Dumdum Boys-klassikaren «Splitter Pine».
Det vart starten på ei eventyrleg reise til lands, til vanns og i lufta. Oppskrifta er kjende og kjære norske pop- og rockeklassikarar i amerikansk countrydrakt. Med kirurgisk språkleg presisjon, fjellstøtt drivande komp, livsglad og kyndig strengeleik toppa med englekor iført cowboyhattar, dundrar gjengen frå Sticklesbergen i Minnesota over prærien som ein karavane med nybyggjarar, fast bestemte på å finne fruktbar jord å setje gitarane sine i. Og om det er noko Noreg har, så er det fruktbar jord for countrymusikk.
CR&TSR har dei siste åra spelt på utallige konsertstader og festivalar i både tenkelege og utenkelege krinkar og krokar rundt om i landet, og har fått vener for livet blant Noregs mange countryentusiastar. Frå det djupaste sør til det ytste nord, frå inst i aust til ytst i vest, har folk dansa, klappa og sunge med til det norske musikalske arvesølvet på breibeint og bootskledd amerikansk. Og sidan den norske sølvkista er nærast botnlaus, er det fullspekka med både nye og gamle klassikarar frå artistar som Wenche Myhre, Vazelina Bilopphøggers, Bjørn Eidsvåg, Unit Five, Mods, Åge Aleksandersen, Dumdum Boys, Lillebjørn Nilsen, Ola Bremnes, Vamp og Hellbillies. Bandet tøyer sjangeren i alle retningar og leikar seg med alt frå sløy bluegrass, drivande blues og countryrock, boogie og støvete spaghettiwestern-mariachi. Og som med så mange av desse songane, tilbyr den omsette teksten og musikalske tolkinga eit nytt perspektiv, og let oss på eit vis høyre songane for første gong igjen.