I fleire tiår har ein hylla countrymusikken sine oppturar, nedturar og utvikling. Musikken har hovudsakleg hatt sitt sentrum i Nashville, Tennessee. Her finn vi òg det legendariske The Grand Ole Opry, som har vore ei scene for mange spirande artistar. Dei har også faste artistar som opptrer kvar kveld. Musikken dei framfører er ofte den tradisjonelle countrystilen kalla The Nashville Sound. Hank Williams sr. sette sitt unike preg på denne stilen, noko som har sett spor over heile verda.

Ein del av artistane som kom til Nashville tidleg, hadde også tilknyting til Austin, Texas. Her finn ein namn som Waylon Jennings, Willie Nelson, Johnny Cash, Billy Joe Shaver, Townes Van Zandt og Steve Earle.

På 70-talet ønskte ei gruppe artistar å utvikle countrymusikken i si eiga retning. Desse artistane ønskte å spele inn musikken slik dei sjølve følte han, utan å bli avgrensa av plateselskapa sine faste malar. Musikalsk fridom vart nøkkelordet, og denne rørsla vart kalla The Outlaw Movement. Den førte til ei ny grein innan countrymusikken kalla Outlaw Country. Og leiar for denne rørsla var Waylon Jennings.

Blant pionerane var også artistar som Willie Nelson, Johnny Cash og Tompall Glaser. Gruppa The Outlaws — med Jennings, Nelson, Glaser og Jessie Colter — vart dei første til å selje ein million plater med albumet Wanted, som dei gav ut på sitt eige selskap.

Rørsla fekk etter kvart stor oppslutning, og fleire artistar følgde i fotspora. The Outlaw Movement vart eit viktig fenomen innan countrymusikken, både i USA og internasjonalt.

I 2025 vil artistane G. Thomas og Hawk Christensen presentere historia om Outlaw Country i sitt show «From Hank to Waylon». Dei utvidar også prosjektet ved å få med den legendariske countrysongaren og låtskrivaren Billy Yates.

I tillegg får vi oppleve Noreg sitt svar på Willie Nelson, nemleg Little Willie frå Lom i Gudbrandsdalen.

Prosjektet vil bli backa av superbandet A11.

Meir om FROM HANK TO WAYLON

Forrige
Forrige

Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers

Neste
Neste

G.Thomas