
ATLE OEN
Atle Oen gav ut sitt tredje album 18. oktober 2024. Musikken er americana, ein musikksjanger som blandar country, folk, bluegrass og blues. Denne gongen har artisten og låtskrivaren fått med seg Hege KL Naustdal som medprodusent og vokalist. Hege KL Naustdal sin vokal gir låtane ein ny dimensjon, både musikalsk og i historiane som vert fortald.
- Låtskriving er eit språk eg ikkje visste eg hadde, seier Oen. Med Hege ombord er laget forsterka, og særleg dei låtane som handlar om parforhold får større tyngde med Hege sin vokal. I tillegg er Hege suveren til å produsere vokal, og saman med teknikar og gitarist Dan Aasebø har dei tre skrudd i hop ei heilstøpt americanaplate, der Oen sine låtar får skine.
Denne gongen har låtskrivaren våga å vere meir personleg, med låtar som ser tilbake på ungdomstid, duettar som skildrar vanskeleg samliv og eit sedvanleg skråblikk på eksentriske karakterar. Det er ei variert samling låtar, men likevel meir uptempo og lettbeint enn tidlegare plater.
- Låtskriving er å snakke med seg sjølv, om seg sjølv, forhåpentligvis slik at lyttaren kjenner igjen noko frå eigne liv, fortel han. - For meg er det det største med å lage musikk. At ein oppdagar at det som er ekte for ein sjølv, kan vere det for andre.
Albumtittelen "Safe at Sea" handlar om å ta vekk tvilen som føl med det å vere kreativ. Den handlar om å våge å tru på det ein gjer. Våge å kaste seg ut på djupet.
- Det viktigaste eg har lært er å ikkje la det handle om kva andre meiner. Det er ein enorm fridom i å lage noko for seg sjølv. Om andre liker det, er sjølvsagt ein bonus, men det kan aldri vere den einaste målestokken. Denne gongen har eg produsert sjølv, med god hjelp frå Hege, og eg trur det gjer at eg kjenner at eg kan stå for resultatet. Eg er rett og slett stolt av det vi har fått til!
«Safe at Sea» handlar nettopp om den erkjenninga. Og sjøen er ein passande metafor når ein er oppvaksen i Øygarden. - Til trass for det er eg ikkje spesielt trygg i vatn innrømmer han. Eg vart liggjande litt for lenge på botn av eit basseng ein gong, noko som framleis set i kroppen. No er eg på djupt vatn igjen, men det er trygt å jobbe kreativt med Hege og Dan. Vi er eit godt team, trygge på kvarandre og tør å vere ueinige. Stort sett får låtskrivaren siste ordet uansett, på godt og vondt.
Musikalsk har Oen lent seg på artistar som inspirerte han i yngre år. Mark Knopfler, Bob Dylan og dei enkle men sterke melodiane til countryartistar som Hank Williams, Willie Nelson og John Prine. Samtidig let han seg inspirere av dagens artistar, som Jason Isbell, Sturgill Simpson og Gabe Lee.
I tillegg til Hege KL Naustdal og Dan Aasebø spelar Stig Hegrenes trommer, Raimund Hoclas bass, Øystein Undem tangentar og Steinar Karlsen lap-steel og gitarar.