aina wassvik
Aina Wassvik har dei siste åra gjort seg merksam rundt om i landet, og artisten frå Bø i Telemark gjer seg no klar for å sleppe debutalbumet sitt. Låtskrivaren og artisten har gjennom fleire år arbeidd med å skape dette, og resultatet gler ho seg til å vise fram, mellom anna med ein spanande Noregsturné!
Albumet blir sleppt våren 2025, og med ei forkjærleik for country, pop og gode tekstar består det av låtar som både fengjer og treff. I låtskrivinga har ho henta stor inspirasjon frå artistar og band som Taylor Swift, Kacey Musgraves og Hellbillies.
Sommaren og hausten 2025 legg ho og bandet ut på ein release-turné for å feire albumslippet. Bandet består hovudsakleg av Odin Landbakk (gitar og kor), Jonas Anker Paulsen (bass og kor) og Solveig Nyhus (trommer), og desse er også å høyre på albumet.
Å sleppe debutalbum og dra på release-turné hadde lenge vore ein plan, men denne konserten gav inspirasjon og idéar på mange nye måtar. No gler dei seg stort til å spele på fleire ulike festivalar i Noreg.