NORSK COUNTRYTREFF OG WARNER MUSIC NORWAY

Norsk Countrytreff inngår samarbeid med Warner Music Norway , og saman ønskjer to markante aktørar på sine område å løfte fram nye talent innan countrymusikken. No inviterer vi unge artistar og låtskrivarar i alderen 18 til 30 til å melde seg på jakta etter «Norsk Countrytalent 2025»!

Vinnaren vil få moglegheita til å opptre på Norsk Countrytreff både i 2025 og i 2026, samt bli introdusert for eit breitt nettverk innan musikkbransjen på festivalen. I tillegg vil Warner Music Norway invitere vinnaren av konkurransen til ein mentor-dag i Oslo, der artisten får møte teamet bak Warner - og i tillegg til honoraret frå Norsk Countrytreff på 10.000,- stiller Warner Music Norway med eit stipend pålydande 10.000,- til studiotid og innspeling av musikk!

Forrige
Forrige

Neste
Neste

Tidenes førehandssal