Tidenes førehandssal
Utvidar festivalcamping for å møte rekordstor pågang!
Norsk Countrytreff, ein av dei største og mest populære countryfestivalane i Norden, opplever rekordstor interesse i samband med sitt 30-årsjubileum i år. Den enorme pågangen har ført til at festivalleiinga allereie no ser på å utvide campingkapasiteten for å sikre plass til alle dei entusiastiske festivaldeltakarane.
– Vi er overvelda over responsen vi har fått, seier festivalsjef Vegar Sårheim. – Det er fantastisk å sjå at så mange ønskjer å vere ein del av jubileumsfeiringa vår, og vi opplever regelrett ei tredobling av førehandssalet samanlikna med rekordåret i fjor. No jobbar vi på spreng for å legge til rette for ei minneverdig oppleving for alle, og med det førehandssalet vi ser, trur vi det blir heilt nødvendig å utvide campingområdet, legg han til.
Det blir jobba med nytt areal kor det blir lagt til rette for både telt, bubilar og campingvogner, og som tidlegare vil Norsk Countrytreff også tilby den populære lastebilcampen i samarbeid med Trucknor. Dette tilbodet har blitt ein favoritt blant landevegens cowboyar!
Festivalen finn stad i dei vakre omgjevnadene Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune, og byr på eit imponerande program med artistar i verdsklasse. Blant høgdepunkta finn vi Easton Corbin, RaeLynn, Erin Kinsey og James Carothers, samt 7 andre amerikanske artistar og 19 norske band og artistar i toppskiktet innan countrymusikk. I tillegg til musikkopplevingane er Norsk Countrytreff kjent for sitt sosiale og inkluderande miljø, som trekkjer til seg gjestar i alle aldrar frå heile landet.
– Vi set utruleg stor pris på entusiasmen og tilbakemeldingane frå publikum og ønskjer alle hjarteleg velkomne til årets festival. Dette blir eit høgdepunkt ingen bør gå glipp av! For å sikre seg plass på campingområdet, oppmodar vi alle til å bestille så raskt som mogleg, avsluttar Sårheim.