VI gir gass med Auto 8-8 og Ford !

 

Årets Jubileums festival blir ekstra stas når Auto 8-8 rullar inn på festivalområdet som fersk samarbeidspartnar! Den lokale Ford-forhandlaren stiller ikkje berre med solid økonomisk støtte, men har òg teke på seg oppgåva med å frakte våre amerikanske og norske artistar med stil og komfort – sjølvsagt i ekte amerikanske bilar frå Ford.

– Det er stas å kunne tilby artistane ein smak av den amerikanske bilkulturen på veg til scena. Her snakkar vi country-stemning heilt frå flyplassen til festivalområdet.

Auto 8-8 er kjend for kvalitet og stil, akkurat som musikken du får høyre på Norsk Countrytreff. No sørgjer dei for at artistane våre kjem fram trygt, komfortabelt og ikkje minst, i ekte amerikansk ånd.

Så om du ser ein blankpussa Mustang, eller ein F-150 Lightning som rullar gjennom Gloppen under festivalen, veit du kven som sit i bilen. Vink gjerne – kanskje får du ein smilande country-stjerne i retur!

Velkommen til eit festivalår med enda meir driv, takka vere Auto 8-8 og Ford!

Klarar du ikkje vente med og sjå eller prøve nokon av dei flotte modellane til Auto 8-8 kan du kontakte dei allereie no:

Auto 8-8 Forum AS

Stig Hårklau 900 58 174

Underforhandlar Ford

Stryn Mekaniske Verksted AS

Knud Frausing 481 45 880

Neste
Neste

NORSK COUNTRYTREFF OG WARNER MUSIC NORWAY