VON

VON kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen, med leigesoldatar frå Skjåk, Otta og Harpefoss. Bandet har fire studioalbum under beltet og har spelt over heile det langstrakte landet sidan starten for ein halv mannsalder sidan. Dei har hatt album inne på VG-lista og mykje speletid på nasjonal radio – slett ikkje verst, med tanke på at tekstane er presenterte på klingande heidøl.

Musikken deira ligg i countrylandskapet, men med røffe, breibeinte kantar her og der.

VON tok ein aldri så liten pause på fire år, men trongen etter å spele igjen vart for stor. Den store VON-katalogen var rett og slett umogleg å la bli liggande ubrukt. I 2023 samla bandet seg på nytt, gjorde nokre låtar i studio og spelte eit lite tal jobbar for å kjenne på om magien framleis var der, og for å vurdere om dei kanskje skulle starte opp att. Planen var å evaluere ved årsslutt, men lenge før det begynte arrangørtilboda å strøyme inn. Dermed måtte VON tilbake i manesjen for å kjenne lukta av sagmugg igjen.

Norsk Countrytreff på Breim har hatt VON på plakaten før, men det er nokre år sidan sist. VON gler seg derfor stort til å ta turen i år. Festivalen var utruleg morosam å spele på sist gong, og forventningane er høge til at årets utgåve blir like bra.

«Oss pratast på Breim!»

Meir om VON

Forrige
Forrige

Get Rhythm