HENNING KVITNES
«Det går kort tid mellom ung og lovande – og levande legende.»
Om dette utsegnet kan brukast om Henning er usikkert, men etter 47 år på vegen, utallige album, turnear, konsertar og sjølvskrivne songar, har han i alle fall ein klar midtbanerolle på Old-Boys-laget til Norske Songpoetar.
Mange av songane, som Evig eies, Sånne som oss, Guttær, Ut å vekke sola, Siste reis m.fl., har blitt folkeeige blant fleire generasjonar og blir sungne av mange i bryllaup, fest og gravferder. Og i dusjen.
Med nytt album under vesten, reiser Henning & Gutta ut på ein landsomfattande turné i 2025 – og både albumet og turneen har fått namnet «Mens jeg ennå er 66». Etter songen med same tittel, som kom ut allereie 13. mai 2024 – på dagen for inntredelsen av dette «sangomsuste» året!
Sommar- og haustdelen får «Ekstraomganger» lagt til i tittelen, då han passerer 67 i mai 2025, men konsertane har kome til på grunn av stor etterspurnad, og albumet vil heite det same.
Musikalsk på scena møter vi ein artist og eit band som vågar å gå i djupna på både nye og eldre songar. Dei gir dei den respekten og energien dei fortener. Tekstane må også få lov til å vere i fokus for å tydeleggjere Hennings vesle univers. Det blir plass til rockefot, allsang og frieri. Melankoli og smilefjes med sveitte panne i skjønn foreining.
«Utan publikum stoppar musikken.»