
KEEP IT COUNTRY
med Rita Eriksen
Etter å ha selt ut fleire kulturhus i 2022, 2023 og 2024, er Keep It Country tilbake med eit nytt country-musikkshow i 2025. Fem av Noregs aller beste countryartistar har gått saman for å gje dykk ein konsertoppleving vi trur de vil setje stor pris på. Om du likar god musikk, flotte stemmer og eit solid band, bør du få med deg denne konserten. I løpet av konserten vil vi presentere dykk for eit knippe av countrymusikkens perler. The Stage Men, eit topptrimma 5-manns band med ein ekstra musikar på fele, vil sørgje for å gjere musikkopplevinga komplett.
RITA ERIKSEN
Rita Eriksen er ei legende og ein nasjonalskatt i norsk artistsamanheng.
Ho har gitt ut 11 album og 13 singlar i tillegg til å medverke hos ei rekke andre artistar. I 2012 vann ho Stjernekamp på NRK.
Songen «Karl Johan» har selt til platina. Ho har opptrådd med artistar som Bjørn Eidsvåg, Jonas Fjeld, Tre Små Kinesere, Vamp og fleire. Det er ein stor ære å få ha henne med på Keep It Country.
ERLEND GUNSTVEIT
Vinnaren av The Voice 2021. Erlends stemmeprakt er «one of a kind». Når Erlend syng country, er det umogleg å ikkje bli rørt.
Erlend kom ut med sitt fyrste album i 2022 og gjev ut sitt andre album i 2023. Erlend har dei siste 2 åra vore fleire gonger i Nashville og har blitt svært godt motteken av musikkindustrien «over there». Der bur han for tida og jobbar med musikken sin.
ARTHUR STULIEN
Arthur Stulien er ein av Noregs nye countrykometar. Dei siste åra har Arthur gjort seg bemerka både i inn- og utland. I 2020 vann han «European Country Single Of The Year». Arthur Stulien er ein svært aktiv countryartist, som spelar konsertar og festivalar året rundt. Han har gitt ut to countryplater med eigenskrive låtar, med over 1 million avspelingar på Spotify. I desse dagar er Arthur inne i ein skriveprosess, og er godt på veg mot sitt neste album. Arthur har dei siste 2 åra vore 4 gonger i Nashville og opptrådd på fleire legendariske scener, samt delteke i The Voice Norge 2024 der han kom på ein god 3. plass.
BIG-B
Big-B (Bjørn Vidar Amdal) er ein veldig erfaren countryartist, med over 30 år på vegen. Big-B har gitt ut fem album og 9 singlar. Han har ein av Noregs varmeste og «rikaste» countrystemmer. Nokre vil kalle han countrymusikkens «crooner». Big-B er ein aktiv artist som held konsertar året rundt.
ANN KRISTIN EIKELAND
Ann Kristin har ein stemmeprakt av dei heilt sjeldne. Ho er allsidig og svært musikalsk. Dette er ei dame ein garantert vil høyre meir frå i framtida.
THE STAGE MEN
The Stage Men består av 5 svært erfarne musikarar og ein gjestemusikar på fele. Musikerane har spelt med ei rekkje kjente artistar gjennom mange år. I 2017 gjekk dei saman og dannet bandet The Stage Men.
Vidar Dale – Steelgitar
Christian A. Seneger – Trommer/Kor
Kristian Vågsnes – Bass/Kor
Lasse Pleym – Gitar
Kim Roger Larsen – Tangentar/Kor