Det populære bandet frå Bø i Telemark har i over 10 år spelt konsertar på kryss og tvers av Noreg, og publikumet veks stadig. Bandet har, i tillegg til å medverke i NRK-serien Rådebank, vore med i fleire kjende TV-seriar og har gitt ut fleire album og ei rekkje singlar. Over 75 millionar strøymingar stadfestar bandets posisjon og viser at ærlege og folkelege tekstar, godt musikalsk handverk og målretta arbeid gir resultat.
I landskapet av country, roots, folkrock og viser har bandet fått mykje ros for musikken sin og sine opptredenar. Tekstane speglar attgjevne eller sjølvopplevde hendingar, både på godt og vondt, samla i eit univers der fleire av låtane og karakterane heng saman.
Byting er eit jordnært band som alltid stiller opp for publikum etter konsert, om det skulle vere for ein prat eller ein autograf. Med sitt faste crew er bandet i toppform, og saman har dei fintrimmar musikk og produksjon til eit solid sceneshow dei klør etter å vise fram.