BRENNEN LEIGH

Brennen Leigh er ein amerikansk låtskrivar, gitarist, mandolinist og songar, kjend for sin direkte forteljarstil som har løfta ho til kultikonstatus i Europa, Skandinavia, USA og Sør-Amerika. Songane hennar har blitt spelt inn av artistar som Lee Ann Womack, Rodney Crowell, Sunny Sweeney, Charley Crockett og mange fleire. Ho er like kjend for musikken sin som for låtskrivinga, og det er lett å forstå korleis Leigh fanga merksemda til storheiter som Guy Clark, som fargerikt sa om flatpicking-stilen hennar: «Brennen Leigh plays guitar like a motherfucker», David Olney skildra låtskrivinga hennar som «tender, violent, sentimental, foolish and wise, she is always Brennen. Confident and at ease with herself, without being a jerk about it»

Gjennomsyra av fele, gråtande steelgitar, eit dryss av himmelsk korvokal og forankra i hennar varme, uttrykksfulle stemme, er Brennen Leigh sitt nyaste album ei emosjonell openberring. Rotfesta i vintage-country er Ain’t Through Honky Tonkin’ Yet ei usminka, øl- og tåredryppa hyllest til ei tid då hardbarka country-balladar strøymde ut frå AM-transistorradioar.

Albumet sine countryrøter går djupt, med gjestar som Marty Stuart og Rodney Crowell og ei rekkje førsteklasses musikarar, men kvar låt løftar seg med ein fridom som kler uttrykket. Med gjennomtenkte, skarpe tekstar og levande melodiar i sentrum, har Leigh klart å skape ei moderne perle, samtidig som ho heidrar countrymusikken sin varige gullalder.

Meir om BRENNEN LEIGH

Forrige
Forrige

Taylor Hunnicutt

Neste
Neste

Joshua Hedley