Med gitaren hengande over skuldra, cowboyhatten godt trekt ned og eit sjarmerande smil, har Arthur Stulien blitt ein av dei mest spennande nye artistane i Noreg. Mange blei kjende med Arthur gjennom hans imponerande reise på
The Voice 2024, der han gjekk heilt til finalen som ein del av Ina Wroldsens mentorlag – og skreiv historie som den første “stjålne” deltakar som nådde finalen! Den djupe stemma hans og folkelege tilstedeværelse gjorde han raskt til ein publikumsfavoritt, og han rørte både dommarane og sjåarane med sine sterke framføringar.
Allereie før finalen i The Voice hadde Arthur fått merksemd nok til å varme opp for Brad Paisley i eit fullsett Oslo Spektrum. Sidan den gong har Arthur vore på ei hektisk reise rundt om i landet og i utlandet, inkludert opptredenar på scener i Nashville, med ein kalender fylt av festivalopptredenar, klubbkonsertar og uforgløymelege liveopplevingar.
No når 2025 nærmar seg, er Arthur i full gang med å spele inn ny musikk som skal sleppast i løpet av våren. Han bygger vidare på suksessen han skapte på The Voice og lovar å levere meir av det publikum elskar – autentisk country med ein ekte amerikansk sound. Publikum kan forvente seg ærlege tekstar, fengande melodiar og eit fullverdig show frå scena. Arthur Stulien er i ferd med å etablere seg som ei bærebjelke på den norske country-scena, så hald augo opne – denne stjerna er på veg opp!
Arthur deltek både som ein del av Keep It Country - og som soloartist på Norsk Countrytreff!