Jesse Daniel har i fleire år vore eit vel respektert namn blant tradisjonelle countrymusikkfans. Kjent for sin grenselause arbeidsmoral, sine energiske liveshow og si livsnære låtskriving, har han fått sin plass blant dei store namna i dagens musikkindustri.
Den California-fødde artisten banar veg for ei ny bølgje av tradisjonelle artistar og tek sin type countrymusikk til scenar over heile verda. Med tre studioalbum og eit nyleg utgitt livealbum held han fram med å utfordre sjangerens store namn med sitt kreative nivå. Det er mange som lagar tradisjonell countrymusikk i moderne tid, men ingen gjer det slik som Daniel; lyden hans er heilt unik, samtidig som han er forankra i tradisjonen etter Bakersfield-heltane sine, som Merle Haggard og Buck Owens. Den nye singelen hans, «Workin’ Hard (Day and Night)», er ein hyllest til Merle og blir brukt som temasong i Dusty Slays nye komediespesial «Workin’ Man» på Netflix. Jesse og bandet har ein omfattande turné planlagt i USA og Europa i 2025, og det er ingen grenser for kor det nye året kan ta han.
Men ein ting er i alle fall sikkert - vi tek han til Noreg og Norsk Countrytreff!