BILLY YATES
Billy Yates er ein Nashville-basert, Grammy-nominert songar og låtskrivar, som har fått songane sine innspelt av ei lang rekke artistar. Vi kan nemne George Strait, Kenny Chesney, Chris Young, Sara Evans, Gary Allan, Joe Nichols, John Michael Montgomery, Daryle Singletary, The Oak Ridge Boys, Mark Chesnutt, Gene Watson, Sammy Kershaw, Doug Stone, Rhonda Vincent, Willie Nelson, Leonard Cohen og mange mange fleire! Yates var også med på å skrive George Jones-klassikarane “I Don’t Need Your Rockin’ Chair” og Grammy-vinnaren“Choices”.
Billy Yates er ein erfaren underhaldar, og turnerer mykje i Europa. Han er kåra til «European CMA Male Vocalist of the Year», og han har 13 førsteplassar på dei europeiske hitlistene. I USA har han opptredd på den verdskjende scena i Grand Ole Opry 50 gangar, og han har òg vore med på TV-program som Larry’s Country Diner og Country’s Family Reunion. I tillegg har Billy den æra å vere ein av dei første amerikanske artistane som opptredde i Kinas tidlegare hovudstad, Xi’an. Han er òg den første amerikanske artisten som har vore med i den populære irske TV-dokumentaren Opry an Iúir, og den første amerikanske artisten som har spela inn musikk på tradisjonelt irsk-gælisk språk.
Som plateprodusent har Yates produsert fleire store europeiske og australske artistar, samt amerikanske, inkludert country-legenda Charley Pride sitt siste album, “Music in My Heart”.