ODA TRØEN

NOR

“LUKTER BEFRIENDE SILO”

Adresseavisens anmeldar med terningkast 5 etter “Trondheim Calling”.

Kolbeins Saloon laurdag 13/7

Biografi

Oda Trøen er ein fersk trondheimsbasert artist frå Ålen i Trøndelag, som lagar ærleg countrymusikk om kjærleikssorg og vennskap, inspirert av hendingar i kvardagen. Med sarkasme og humor bygger ho opp under narrativ som både underheld, fengar og er lette å kjenne att for lyttaren.

Adresseavisen sin anmeldar var ikkje snau etter “Trondheim Calling”, og gav Trøen og bandet terningkast 5 med følgande tekst:

“Det lukter rett og slett litt befriende silo av uttrykket og musikken hennes. Hun har en herlig Dolly Parton-knekk i stemmen, samtidig som hele pakken har en litt mer rocka Emmylou Harris/Gram Parsons-aura. Og så skriver hun riktig gode låter. Trioen fra høstens EP er en perlerekke: “Too Late to Die Young”, “Vodka Soda” og “Rocky and Adrian” er så bra som hva som helst fra utlandet”.

Til tross for ei kort artistkarriere så langt, har Oda oppnådd over ein million streams på låta “Du” som ho slapp som singel i lag med bandet Dakota i 2019.

På Norsk Countrytreff får du oppleve Oda Trøen med band på laurdag 13.juli, i Kolbeins Saloon.

Sjekk ut meir om Oda Trøen

ODA TRØEN

høyr musikken

Forrige
Forrige

BRÅTABRANN

Neste
Neste

WE MET IN JUNE