Vince Gill er Norsk Countrytreff sin hovudartist laurdag 14. juli. Vi ynskjer publikum velkomne til ein eineståande konsert med ei av countryverdas store stjerner og prissankande artistar.
Bobby Bare
Bobby Bare deltok på Norsk Countrytreff då det for første gong vart arrangert i 1995, i 2012 gjer han igjen entre på scena i Breim.
Hellbillies
Hellbillies har i løpet av sine 22 musikalske år blitt eit av landets mest etterspurte liveband. Dei er endeleg klar for NCT og skal stå på scena som siste band fredag kveld.
Vassendgutane
Våre venner frå Ørsta feirar 15 år som band i år. Dei får æra av å starte festen allereie torsdag kveld. Kjenner vi bandet og publikummet rett, ligg det an til mykje allsong og stor stemning!
Bluegrass i verdsklasse
I år startar NCT onsdag 11. juli med Bluegrasskonsert i Frislidlada på Sandane. Til denne har vi booka inn eit av verdas beste bluegrassband, Wayne Taylor and Appalossa.
Green Granadas
Våre lokale heltar i Green Granadas er første band ut på hovudscena torsdag kveld. Vi kan love ein knallstart på festivalen med dette forrykande livebandet!
Onkel Tuka
Onkel Tuka, som fekk årets spelemannspris i klassa for country kjem til årets NCT! Det nyaste albumet ”Hotell Hellmann” hausta femmarar på terningkasta til mellom anna Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.
Norsk Country Treff
Norsk Country Treff blir arrangert på Breim i Nordfjord 11.-15. juli 2012. Vi sjåast på Norsk Country Treff 2012!
Følg oss på Facebook
Bli medlem av vår Facebook side. Her vil vi legge ut informasjon om festivalen, arrangement og anna countryrelatert stoff.
AVIS ny delsponsor
Vi ønsker AVIS velkommen som ny delsponsor av Norsk Country Treff!
Knutepunkt for country
Norsk Country Treff har fått status som knutepunktfestival. Vi takkar for tilliten!
Miljøfyrtårn
Norsk Country Treff vart i 2009 sertifisert som eit grønt arrangement under Stiftinga Miljøfyrtårn. Festivalen er eit av få musikkarrangement som er sertifisert med miljøprofil i Norge.
Country for alle!
Norsk Country Treff er lagt opp til å vere eit arrangement for alle aldersgrupper. Vi har mange aktivitetar, forskjellege campingar for ulike aldersgrupper, og godt vakthald. NCT legg ned mykje arbeid og ressursar for at alle skal trivast!
Dugnad for 13.000
Det er ein enorm dugnadsinnsats som kvart år vert lagt ned for å kunne ynskje over 13 000 besøkande velkomen til tre dagar med festival i Gloppen kommune. Eit stor festivalområde med tilhøyrande campingplass er hovudarena for arrangementet. Vi treng fleire frivillige !
Fotogalleri
Vår eigen festivalfotograf har tatt mange flotte bilder frå festivalen og dei ulike konsertane dei siste åra.































