HARALD THUNE

NOR

The Backbounceability of Humans

Harald Thune - scenekunstnaren med eiga radiotid på P10 Country

Kolbeins Saloon laurdag 13/7

Biografi

Americana-pioneren Harald Thune er ein av Noregs mest kritikarroste countryartistar, og starta sitt første band som 17-åring. Og du har sikkert høyrt stemma hans på P10 Country, der han spelar countrymusikk og pratar seg igjennom programmet sitt 7 dagar i veka!

På scena er Harald eit kapittel for seg sjølv. Med lidenskap og speleglede, drivande gitarspel og personlege og velskrivne tekstar har han blitt ein ettertrakta konsertartist kjent for høg scenesjarm. Den mørke trollbindande stemma hans har appell langt ut over countrypublikum sine rekker, og gjennom 35 år som artist på profesjonelt nivå har Thune spelt over 2000 konsertar, gjeve ut 6 album, fleire singlar og eit samlealbum.

 Det siste albumet hans, “The Backbounceability of Humans” har fått svært gode kritikk både i inn- og utland, og det fekk også rosande omtale i tidsskriftet «Country Music People» - verdas eldste og eit svært respektert magasin for countrymusikken.

Sjekk ut meir om Harald Thune

HARALD THUNE

høyr musikken

Forrige
Forrige

SIGNE MARIE RUSTAD

Neste
Neste

KINSEY ROSE