11.-15. Juli 2012

Sponsor

Norsk Country Treff har med tida vorte ein stor suksess med over 13.000 besøkjande i rekordåret 2009. Festivalen er såleis eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane. NCT blir rekna for å vere den raskast veksande festivalen av sitt slag i Noreg, og har skussmål på seg for å vere blant dei beste innan sjangeren i Europa når det gjeld kvalitet. Dette gjer at både artistar og publikum ynskjer å kome til Breim for å nyte musikk, natur og opplevingar desse dagane i juli månad.

Norsk Country Treff ynskjer i 2011 å presentere den beste festivalen nokon gong både med tanke på artistar og det arrangementsmessige.
Gode tilbakemeldingar frå publikum, artistar, sponsorar og media gjer at dugnadsgjengen bak festivalen kvart år legg ned mykje arbeid før, under og etter festivalen. Vi har som målsetting å bli endå betre både på arrangement og artistsida for å gjenta suksessen frå tidlegare år.
Våre sponsorar er viktige bidragsytarar for at festivalen skal bli ein suksess. Vi ynskjer å profilere festivalen i lag med sterke merkevarenamn, og vi ynskjer å gje noko tilbake til dei som støttar oss.

Sponsorarrangement

Om du ynskjer få meir informasjon om våre sponsorpakkar, ta kontakt;

Vegar Sårheim

Tlf: 93 00 93 83

E-post: vegar@breim.no

“Firda Media as sponsar Norsk Country Treff (NCT) fordi dei er ein av dei festivalane som verkeleg set Gloppen og fylket på kartet. For ikkje å snakke om dyktige og profesjonelle arrangørar som heile tida ligg i selen for å gje publikum eit godt festivalinnhald. Det er også viktig for oss at delar av overskotet går attende til lag og organisasjonar i Breim/Gloppen. Det er fleire grunnar til at NCT har lukkast i å bli eit av dei største kulturarrangementet i fylket vårt. Profesjonelle arrangørar, super arena, flittige eldsjeler, attraktive artistar og solide sponsorar/samarbeidspartnarar.
Vi ynskjer Norsk Country Treff lykke til med årets arrangement.”

HARALD GIL SÆTRE,
marknadssjef i Firda Media as

Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å ha eit breitt kulturelt engasjement og ser verdien av kulturelle bidrag i vid forstand for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Vi har som mål å være ein aktiv støttespelar for mange lag og organisasjonar, og har i 2009 delt ut 15 millionar under fana mangfald, trivsel og nyskaping. Slik vi ser det så står NCT for akkurat dette –mangfald, trivsel og nyskapning og vi er stolte av å få være med på laget.

Vi trur at NCT har lukkast fordi dei er gode til å skape glede og entusiasme I bygda slik at eldsjelene stiller på. Og at stå på vilje, fokus på kvalitet og utvikling gjennom 16 arrangement har skapt eit optimalt produkt, og ikkje minst eit ettertrakta produkt. Og vi trur det er ettertrakta fordi det har eit tilbod til alle – frå dei aller minste til dei som ikkje kjem seg til Breim. Og dette mangfaldet trur vi er med på å skape eit arrangement som prosjektgruppa, eldsjelene, publikum, artistane, Gloppen og ikkje minst vi er stolte av.

Vi ynskjer å være ei drivkraft for fylket, og som sponsor for NCT så er vi, saman med NCT, med på å gjere lokalsamfunnet vårt litt meir sprekt, litt meir spennande og litt meir fargerikt. Vi ynskjer NCT til lukke med årets arrangement, og gledar oss festivalhelga i juli

INGVILL HESTENES,
Salsleiar Personmarknad
Sparebanken Sogn og Fjordane

 

SFE sin visjon er ”kraft til å påverke framtida”. Denne visjonen omfattar ikkje berre våre bidrag til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom produksjon og overføring av meir fornybar energi. Vi skal også vere ein aktiv bidragsytar til lag, organisasjonar
og arrangement som skapar til trivsel og bulyst i fylket.

NCT har bygd stein på stein i ei årrekkje, og gjennom imponerande profesjonalitet, entusiasme og dugnadsånd har festivalen utmerka seg svært positivt i ein nasjonal samanheng.

KAI PETTER SÅRHEIM,
Kommunikasjonsdirektør
Sogn og Fjordane Energi AS

 

 

 

 

 

Comments are closed.