11.-15. Juli 2012

Barnas Countrytreff

Foto: Arve Henriksen, Aftenposten

Trivselshagen, Sandane fredag 13,juli kl.11.00

Borna er viktig for oss på Norsk Country Treff. Difor arrangerar vi vårt eige countrytreff  for borna fredag 13.juli  frå kl 11 til 13.30. Trivselshagen er arena for dagen, og vil skape ekte festivalstemning for born og unge!

Vi startar det heile med ein konsert i kultursalen. Deretter vil det bli pølser i lange baner servert i fellesarealet. Ope bibliotek, linedancekurs, køyring med hest og kjerre og teiknerom er nokre av aktivitetane som du vil finne i Trivselshagen denne dagen og det beste av alt; dette er eit gratis arrangement!

Barnas Countrytreff passar for born i barnehagealder og opp til 4.klasse.

NB! Alle barnehagar i Gloppen blir invitert til å delta. Resterande billettar blir lagt ut for andre.
Dette arrangementet krev påmelding pga. plassbegrensingar.

Frå 15.juni ring tlf. 57 86 63 44 man-fre 19-21 eller send ei påmelding på epost til: nct@breim.no

 

Presseomtale:

- Les kva Aftenposten skreiv om Barnas Countrytreff i 2010 her

 

Comments are closed.