
NASJONALT RESSURS- OG KOMPETANSESENTER FOR COUNTRYMUSIKK.
Med bakgrunn i 15 års erfaring frå arrangering av ein internasjonal countrymusikkfestival og gjennomføring av eit treårig forprosjekt, søkjer vi Kultur- og kyrkjedepartementet om kr. 20 mill til utvikling av og investering i eit nasjonalt ressurs- og kompetansesenter for countrymusikk på Vestlandet, Breim i Gloppen kommune.
I tillegg søkjer vi om driftstilskot : 3,6 mill. i 2011, 3,8 mill. i 2012 og 4 mill. i 2013.
Totalt vil senteret koste kr 30 mill i utviklings-, byggje- og investeringskostnader. Driftskostnadane vil vere kr 6 mill på årleg basis.
I tråd med regjeringa si samspelmelding, ser vi føre oss eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, vertskommune, sponsormidlar og eigne midlar.
På denne sida vil vi publisere relevant informasjon om prosjektet.
Nyhende:
- I forslag til Statsbudsjett for 2011 vil regjeringa bevilge 500.000 til prosjektet.
Presseomtale:
- Les kva Aftenposten skriv om Nasjonalt Senter for Country Musikk her


















