11.-14. Juli 2013

Om NCT

 

Om Stiftinga Norsk Country Treff

Norsk Country Treff er ei privat stifting med sete i Gloppen kommune.
Stiftinga er etablert av:  Breimsbygda Idrettslag, Byrkjelo Ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag ,A/L Breimshallen, Breim Countryklubb, Stiftinga Norsk Fjordhestgard, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Styre:
Leiar:  Nils R. Sandal
Nestleiar:  Vegar Sårheim
Styremedlem:  Arve Kleppe
Styremedlem Toril Fjørtoft
Styremedlem: Anniken Rygg

 

Om Festivalen Norsk Country Treff

I 2013 vert Norsk Country Treff (NCT) arrangert for 19.gong. I løpet av andre helga i juli vil 24 artistar og grupper stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen.  Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte, men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2009 ny publikumsrekord med over 13 100 personar innom arrangementa, som finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det er vorte ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år. Ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg.

 

Konsertar

I år vil finansminister Sigbjørn Johnsen stå for den høgtidelege opninga av festivalen.   Opninga finn stad på Opningsonserten i Trivselshagen 11.juli. Her vert breidda innanfor country presentert. Countryrock, rockabilly, bluegrass, outlaw og western er berre noko av det publikum vil få ein smakebit av denne kvelden.

Etter dette går det slag i slag på mange ulike scener rundt om i kommunen. Torsdag kveld er det konsertar på Kolbeins Saloon. Både fredag og laurdag er det 12 timar med samanhengande livemusikk på festivalområdet. Først på dagen i Kolbeins Saloon, og ut på kvelden vert det musikk frå hovudscena.

Den tradisjonelle og etter kvart svært populære Bluegrasskonserten i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum, er i 2013 lagt til fredag kveld. Det er ei spesiell stemning i dei rustikke omgjevnadane i denne gamle lada/låven, og bluegrassmusikken passar perfekt inn her.

Kyrkjekonserten i Breim kyrkje er vorte kalla flaggskipet til NCT.  Også i 2013 er konserten lagt til laurdag.  Det er ei stor glede for artistane å delta på denne konserten, som kvart år fyller kyrkja til siste benk.

Vinnarane av Talentkonkurransen vil halde minikonsert på ei av scenene våre laurdag.

I tillegg til dette er det konsertar på dagtid laurdag i Byrkjelo, Reed og Sandane sentrum. Dette skaper countrystemning i heile kommunen både for innbyggjarane og for tilreisande som er ute og handlar.

 

Country for alle

- NCT har som mål å presentere country for alle aldersgrupper. 

Barnas Countrytreff

I 2009 vart det for første gong arrangert eit eige tilbod til dei minste. Barnas Countrytreff set borna i fokus, og dei får oppleve både musikk, mat, dans og aktivitetar. Det nye kulturhuset til Gloppen Kommune, Trivselshagen, er staden for arrangementet. Her kan alt skje under same tak, og ein er ikkje avhengig av vèret. I 2012 vil vi tilby konsert dei unge cowboyane, i tillegg vert det linedancekurs, ope bibliotek og andre aktivitetar i dei ulike delane av Trivseslhagen.

Nytt i 2013 er tilbod om barnevennlege aktivitetar på hovudarenaen.  Hesteskokasting vil vere ein av aktivitetane.

Tilbod til dei eldre

Det har vore uråd for ein del eldre menneske å ta del i konsertane på dei ulike arenaene våre. Vi tok difor i 2009 med artistar ut frå arenaen til bufellesskapa i Hyen og Byrkjelo, samt sjukeheimen på Sandane. Dette vart svært vellukka arrangement med gode tilbakemeldingar. Arrangementa på bufellesskap og sjukeheim har vorte ein tradisjon sidan den gong. Med dette tilbodet, i tillegg til Barnas Countrytreff, er vi no ein festival for alle aldersgrupper.

 

Miljøfyrtårn

I juni 2009 vart vi sertifisert som eit grønt arrangement under merke Miljøfyrtårn. Vi fekk ny sertifisering i 2012.  Norsk Country Treff arbeider med fokus på miljø  i forkant og under festivalen, og dette har gjeve gode resultat. Både dei frivillige, innleigde og publikum gjorde ein stor innsats på ulike område. Dette resulterte i at vi fekk gjennomført fleire tiltak som er miljøfremjande. Arbeidet kjem vi til å halde fram med til årets festival, og under arrangementet vil det bli fleire synlege tiltak som vi håpar publikum ser på som positivt og tek aktivt del i. Dette vil gjere festivalen til eit meir miljøvennleg arrangement, i tillegg til at ein del av tiltaka aukar trivselsfaktoren for besøkande.

 

Vi har plass til alle

I 2009 vart campingarealet vårt utvida betrakteleg. Det gjer at dei som bur på campingområdet vil få betre plass enn tidlegare, og at vi har ubegrensa med kapasitet til å ta i mot fleire som ynskjer å bu her. På hovudarenaen er det òg god plass.

Då er det berre ein ting som gjenstår å seie; velkomen til Breim og Norsk Country Treff for 19.gong 11.-14.juli 2013!

 

Comments are closed.