11.-15. Juli 2012

Vi treng frivillige!

scot_marie

Det er ein enorm dugnadsinnsats som kvart år vert lagt ned for å kunne ynskje over 13 000 besøkande velkomen til tre dagar med festival i Gloppen kommune. Eit stor festivalområde med tilhøyrande campingplass er hovudarena for arrangementet. Men vi har ikkje mindre ein 10 andre scener som det vert framført levande musikk frå i løpet av desse dagane. Det skal mykje organisering til frå mange hald for å få desse konsertane til å gå knirkefritt. Allereie i september månad vert oppkøyringa mot neste års festival sett i gong. Etter evalueringar av gjeldande år er det mange prosjekt som må settast I verk, og avtalar som må på plass. Gjennom vinterhalvåret er det jamn drift av administrasjonen, og allereie då er det mange som legg ned mange dugnadstimar på førebuingane. Når vi nærmar oss mai månad, er det full fart innanfor dei fleste sektorar. Med ein trufast stab I hovudkomiteen, er det mange godt drilla personar som veit kva som må gjerast for å kunne gjennomføre eit godt arrangement. Over 35 personar har sine faste oppgåver i komiteen. Under festivalhelga er det over 550 personar som tek i eit tak for fellesskapet. Utan desse personane hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre fylket sitt største kulturarrangement.

YNSKJER DU Å TA EI VAKT?

Vi må i tida fram mot festivalen supplere listene våre, og treng deg som er positiv til å stille som mannskap. Det er hovudsakelig fredag og laurdag kveld og natt som er behovet. Det er ulike typar vakter det kan vere snakk om. Matsal/servering, sanitær, vakthald på arena og rigging for å nemne nokre. Som takk for innsatsen får du gratis dagbillettar til heile helga på hovudarena. Frå torsdag ettermiddag til laurdag natt kan du delta på alle konsertar som er på hovudscena og Kolbeins Saloon. Konsertar utanfor hovudarena er ikkje inkludert I billettane. Om du kjem frå utanbygds og har planar om å overnatte på festivalcampen, kan du mot eit lite mellomlegg oppgradere gratisbilletten din til eit festivalpass for arena og camping. Alle som tek ei vakt under Norsk Country Treff er med i trekninga av ein reisesjekk på kr. 3000,-

LAG OG ORGANISASJONAR

Er du med i eit lag eller organisasjon som treng pengar til ei investering eller til drift? Då kan de gå dugnad under festivalen og tene pengar til laget. Vi betalar ein fast sum pr. vakt pr. person i tillegg til billett til alle som nemnt ovanfor.

Kontakt oss for meir opplysningar:
NCT Kontoret
Ved Ingemar Sårheim
mob: +47 95 27 88 95
epost: nct@breim.no

Comments are closed.