
Tonereise er eit lokalt band frå Luster basert på gamal religiøs folkemusikk frå Noreg, men sterkt påverka av amerikansk country, roots, gospel og bluegrassmusikk. Dei byggjer òg på den musikalske arva til Ragnar Vigdal (1913-1991), som var frå Luster. Der er son hans Klaus Vigdal og dei to barnebarna Erling og Ragnar som starta gruppa Tonereise. Med seg har dei Arve Lomheim, Tor Magne Kvamsdal og Asbjørn Handeland. Dei framfører gamle religiøse folketonar både i gamle og i moderne versjonar. Albumet Arven kom ut hausten 2009, og vart godt motteken frå publikum og presse. Dei gjekk i 2009 inn på fylkestoppen i Sogn og Fjordane med songen “Den gløymde stein”, og den er òg mykje spelt på lokalradioen.


















