11.-15. Juli 2012

Steff Nevers


I ein alder av 35 år har Steff Nevers vore med på ei eventyrleg reise innan countrymusikk-karriera si. Han starta med fiolin. Seinare vart det gitar som gjaldt, og han starta utruleg nok opp musikkarriera som gitarist i eit profesjonelt metalband. Men i 2002 vart det heilomvending til countrysjangeren, og i 2007 drog han til Nashville for å spele inn plate med dei store musikarane som Toby Keith og Garth Brooks har hatt. Resultatet vart “Closest to my heart”.

Plata vart sloppe i mars 2009 og selde til gull på kort tid. Den låg på VG-lista som nr. 1 i ni veker, og har i 2010 vorte nominert til årets beste countryalbum i 2009. Plata har òg blitt sloppe internasjonalt, der den har selt bra. No står Amerika for tur.

Då Toby Keith hadde sin Europaturne i 2009, vart Steff Nevers personleg invitert til å spele som oppvarming. Det vart mange gode kritikkar frå tilhøyrarane, presse og Toby Keith sjølv. I dag vert Steff Nevers rekna som ein av dei framste countryartistar og gitaristar i Norden.

Comments are closed.