11.-15. Juli 2012

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er folkemusikar med bakgrunn frå Breim i Nordfjord. Ho er ein allsidig frilansmusikar som har jobba med mange ulike prosjekt og artistar; Christine Gulbrandsen, Karoline Kruger, Breimskoret, Fjøgl, Unni Løvlid er nokre av dei ho har samarbeida med. Ei rekke musikalar og teater har ho òg vore delaktig i. Ho er fast medlem i gruppene GAMALTNYMALT, SPINDEL og duoen LARELI. Men mest av alt er det soloprosjekta som dei siste åra som har markert Sigrid Moldestad som musikar. Forestillinga TAUS har vore ein stor suksess, og kritikkane har vore strålande! Plata “TAUS-felefortellinger” fekk Spellemannsprisen i 2007. I mars 2010 slapp ho ei ny soloplate med tittelen ”Sandkorn”. Plata byr på fleire sjølvskrivne songar og instrumentalar, nynorske versjonar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns (1759-1796), samt tekstar av Jakob Sande med nye melodiar til.

-Uttrykket er spela fram i samarbeid med dei som er med. Det er vorte ei plate som er litt vanskeleg å sette i bås, men den er veldig meg nettopp på grunn av det, seier Sigrid Moldestad.

I 2009 presenterte vi for første gong heimbygdingen vår på Norsk Country Treff, under den tradisjonsrike kyrkjekonserten i Breim Kyrkje. Dette vart godt motteke, og det er difor ei glede å kunne presentere ho òg under årets kyrkjekonsert.

Comments are closed.