Sie Gubba er eit countryband i frå Ålen i Gauldalen, Sør-Trøndelag. Dei såg dagens lys i 1995. Og sidan den gang har det gått strake vegen oppover for bandet som lager fest frå scena kvar enn dei kjem.
Sie Gubba har musikalsk rotfeste i countrymusikken, og blandar dette med element frå pop og rock. Med fiolin som eit av hovudinstrumenta, har bandet skapt sin egen stil og sound. Sie Gubba har sidan starten turnert på samfunnshus, festivalar og nattklubbar i midt-Noreg, og er eit av midt-Noregs absolutt mest populære liveband. Bandet har dei siste åra fått ein stor tilhengarskare i resten av landet, og spelar på fleire av dei største festivalane i Noreg innan countrysjangeren.
Etter fem tidlegare utgivingar, har dei no megasuksess med si liveplate.
Petter Øien. vokal,kassegitar
Magne Almås, el gitar og vok
Hans Skogås, bass og harmoni vok
Ingar Engan, fele,hamoni vok
Tommy Folstadli, trommer
Ola Dragmyrhaug, lurk,Kassegitar,trekkspill.
















