11.-15. Juli 2012

Rune Larsen

For de fleste er nok Rune Larsen mest kjent som programleiar på TV, med suksessar som Lollipop, Noteknekk, Momarkedet og Absolutt Norsk, for å nemne nokre. Men det heile begynte med eit rockeband og ein dårlig betalt spelejobb på ein ”striledans” på Sotra. Med åra vart omgjevnadane noko annleis; konsertsalar, kyrkjer og TV-studio, men drivkrafta var heile tida gleda i musikken. På 70-tallet fekk Rune stor suksess innan den kristne populærmusikken. Det vart TV-program og mange plateinnspelingar. ”Hele menigheten synger” vart seld i over 50 000 eksemplar, og ”Han er min sang og min glede” vart – i følgje Dagbladet – den mest spelte songen på Ønskekonserten i 1978. Med denne bakgrunnen og opptredenen hans under fjorårets kyrkjekonsert, er Rune Larsen ein naturleg del òg av årets kyrkjekonsert. Han vil vere programleiar gjennom konserten og framføre nokre av sine gospelsongar.

Comments are closed.