9.-12. Juli 2015

Patty Loveless

Patty Loveless, født Patricia Lee Ramey, vart født 4.januar 1957 i Kentucky og er rekna for å vere ein av dei mest populære kvinnlege artistane innan tradisjonell countrymusikk. Ho har òg hatt stor suksess med sin countrypop og bluegrassmusikk.

Hennar første plate, med namnet Patty Loveless, kom ut i 1986 og gjorde ho anerkjent som countrymusikar og låtskrivar frå første stund. Det var ei blanding av honky-tonk, country-rock og enkle balladar som gjorde ho til ei komande stjerne. Platene frå slutten av 1980 talet vart populære, og ho vart samanlikna med stjerner som Patsy Cline med god grunn. Men det var først på 90-talet at ho fant sin eigen veg innan musikken, og ho fekk betre anmeldelsar enn tidlegare utgivingar. Pr. i dag har Loveless hatt meir enn 40 songar på Billboard Hot Country Songs, av dei fem nr.1 hits. Ho har gjeve ut 17 album, i tillegg til singlar og deltaking på utallige samleplater.  Fire av desse er seld til platinum, og to til gull. I løpet av karriera har ho òg motteke 20 utmerkingar, av dei fem CMA awards (Country Music Assosiation) for mellom  anna beste kvinnlege artist, beste album og beste vokalprestasjon. I 1989 vart ho medlem nr. 65 av Gran Ole Opry, som er country musikken si storstove lokalisert i Nashville. Patty Loveless kjem for første gong til Noreg i år, og skal halde sin einaste konsert på Breim.




|

Comments are closed.