Frå Virginia kjem ei av dei mest underhaldande bluegrassgruppene i verda. Dei har tre år på rad vunnet “SPBGMA´s award for Entertaining Group of the Year”, som understrekar dette faktum. Dei starta i 1994 som bluegrassband for å opptre i ein konkurranse innan denne sjangeren. Etter den tid har dei vokse i popularitet, gjeve ut 8 cd-ar, spelt på dei store scenene i USA og dreve sin eigen bluegrassfestival i Virginia sidan 2001. Dei har årleg over 140 spelejobbar, og har ein fantastisk tilhengarskare over heile verda. Dei har vore nominerte og vinnaren av mange store prisar i dei ulike prisutgjevingane i Nashville. Kjenneteikna til Nothin`Fancy er sterke vokalar og instrumentalar, energiske sceneshow og deira jordnære og venlege oppførsel mot publikum. Dette er òg grunnen til at publikum kjem attende til konsertane deira gong etter gong. Nothin`Fancy besøkjer Noreg for første gong sommaren 2010, og den einaste konserten i landet er på Breim.
Mike Andes – vokal, mandolin, gitar
Mitchell Davis – Banjo, gitar, fele
Garry Farris – Vokal, gitar
Chris Sexton – Fele
Tony Shorter – Kontrabass

















