11.-15. Juli 2012

Long Horn

Toppen av høgtid for countrymusikken i Noreg er når Long Horn frå Lærdal tek plass i koret i Breimskyrkja. Atmosfæren kan ikkje skildrast med ord, den må opplevast.

Dei starta på 80-talet som ei popgruppe med namnet Fox. Dei heldt koken til countrymusikken vart så dominerande at dei måtte justere sin musikalske kurs. I dag er dei glade amatørar, men det er ikkje grunna nivået på musikken deira.

Long Horn er det eldste og framste countrybandet i fylket. Dei står for ein tradisjonell country, men går ikkje av vegen for eit breiare reportoar når tid og stad høver seg. Dei skildrar festivalen i Breim som det viktigaste, årvisse føretaket innan norsk country. Longhorn er like årviss som festivalen sjølv, og kan trygt kallast husbandet til festivalen. Dei deltek under kyrkjekonserten, og speler til dans på Kolbeins Saloon laurdag kveld til glede for nye og gamle festivalgjengarar.

Comments are closed.