Dei er ein av Holland sine mest kjente og underhaldande rockabillyband. Dei skaper liv og røre der dei dukkar opp med sin musikk og framføringar.
The Waltons har spesialisert seg på old-time rock´n roll frå 50- og 60-talet, med Elvis Presley, Chuck Berry og Buddy Holy i tillegg til Rockabilly, old-fashioned countrymusikk.
Dei er velkjente nasjonalt i Holland, der dei stadig opptrer på landsdekkande fjernsynsprogram. Kvar helg står dei på scener i heimlandet, Belgia, Spania, Frankrike, England og Tyskland. Det er første gong dette fargesprakande bandet kjem til Noreg, og einaste konsertane vert under Norsk Country Treff.

















