11.-15. Juli 2012

Jerry Kilgore

Kilgore vaks opp i Oregon med foreldre som var fans av Merle Haggard, og fekk difor countrymusikken som ein naturleg del av oppveksten. Etter han starta karriera si som 18 åring med ulike speleoppdrag i heimbyen, flytta han etter nokre år til countryen sin heimby Nashville. Her vart han først anerkjent som låtskrivar, men etter kvart vart han òg oppdaga som artist. Han vart signert med platekontrakt i Virgin Records, og den første plata kom i 1999. Etter den tid har det skjedd mykje i Kilgore si karriere, både oppturar og nedturar. No er han på veg opp, og etter plata som kom i 2007, Loaded and empty, har karriera fått fart på seg. Han arbeider no med si neste plate, som etter planen kjem ut sommaren 2010. Dette er ein artist som spelar den tradisjonelle countrymusikken med ein moderne vri. Jerry Kilgore kjem til Noreg for første gong i år, og han skal ha ein opptreden. Det er på Breim.




|

Comments are closed.