11.-15. Juli 2012

Helge Nilsen

Helge Nilsen har ei lang og variert karriere bak seg. Etter at The Stringers-epoken var over, starta Helge sitt eige band og hadde fleire store Norsk-topp slagerar på 70-tallet. ”Moviestar” låg på førsteplass i 8 av 8 moglege veker, men òg fleire andre songar oppnådde gode plasseringar. Helge Nilsen har gjennom 40 år i bransjen vist ein levedyktighet som få andre kan oppvise maken til. Då Lollipop-showet skulle flyttast frå TV-skjerm til konsertsalane, var det naturlig at Helge var ein av gjestesolistane. I 1993 deltok Helge i Melodi Grand Prix, saman med Rune Larsen. Songen dei framførte, ”Det skulle vært sommer” er sidan vorte ein signatur-låt for Helge. Helge Nilsen produsert den første Lollipop–plata som selde til platina, og har utover det mottatt ei rekke platetrofear (sølv, gull, diamant og platinaplater) for platesal i desse åra. I 2009 opptredde han under festivalen på Breim i lag med Rune Larsen der dei hadde eit nostalgisk tilbakeblikk i Breimshallen. I år kjem Helge Nilsen med dottera Janneke Nilsen og Linda Ekeland for å opptre på Kolbeins Saloon, i tillegg til å vere årets konferansier på hovudscena fredag og laurdag.

Comments are closed.