11.-15. Juli 2012

Crashville

Det Ørsta-baserte countrybandet Crashville såg dagens lys under ein fuktig flåtefest på Vatnevatnet ein varm maikveld i 2007.
Etter nokre månader med øving kom tilbodet om den fyrste spelejobben, og sidan då har det balla på seg.
Bandet består i dag av Svein Ivar Holen (gitar/vokal), Tom Andrè Holen (bass), Hans-Christian Humberset (el-gitar) og Øystein Nybø (slagverk).
I starten spelte bandet mest coverlåtar frå kjende countryartistar, men i desse dagar er karane i full sving med å skrive eige låtmateriale til sin fyrste CD. Denne er venta i butikkhyllene i løpet av 2011.
I 2009 hadde bandet 25 ulike oppdrag, og Crashville har fylt opp både mindre pubar og store hallar. Inspirasjon til musikken hentar bandmedlemmane både på jobb og elles i nærmiljøet, samt frå andre artistar.
Dei har mellom anna skrive songen ”Ein pensjonerte kar”, som heidrar pensjonistane ved Ørsta Stål. Karane syng på klingande Ørsta-dialekt og ynskjer å skrive songar som folk kan kjenne seg att i.
Målet er å spreie musikken over heile landet, og så langt er bandet godt på veg. Dei kan vise til fulle hus frå Voss til Nordmøre, og har blitt tatt varmt i mot av heimepublikummet på Sunnmøre.

Dette er Crashville;

  • Levi Andre Leite
  • Svein Ivar Holen
  • Øystein Nybø
  • Hans Kristian Humberset

Comments are closed.