”Stomp og Vatn” eller ” Eg e kåt, eg e galen, eg e frå Setesdalen” er vel låta Åsmund Åmli Band er mest kjend for. Den låg 11 veker på Norsktoppen, der 3 av dei var førsteplassar. Bandet har selt over 19000 album av sin første full-lengde CD ”Bjorøyl” og nærmar seg gull med den. Albumet ”Panorama” vart sloppe juni 2008, og er allereie seld i nesten 12 000 eksemplar. Under lupa i “Norsk på Norsk” vart dette nye albumet vurdert til ein sterk 6`ar. Alle songane på CD-ane vert sunge på ekte Vallemål, som hovudvokalist Åsmund Åmli har tatt med seg frå heimbygda si Valle i Setesdal.
Bandet har vore på vegen i snart 12 år, og er stadig på farten rundt om i Noreg med sine sprelske liveshow.
Åsmund Åmli Band består av:
Åsmund Åmli – Vokal/Bass
Bjørn Stiauren – Trommer/Vokal
Stian Øvland – Gitar/Vokal
Dag Wolf – Steel Gitar

















