
Det er ikkje utan grunn at Vassendgutane kjem igjen år etter år på dei store countryfestivalane her i landet. Dei har i løpet av dei siste 12 åra gått frå å vere eit lokalt festband, til no å vere Noregs kanskje mest etterspurde liveband.
Grunnsteinen vart lagd i 1996, og den var tufta på rein moro. Og sidan har det blitt mykje meir av det. Plate nr. 3 i rekka, Ungkar med dobbelseng vart gutane sitt gjennombrot, og selde til platina. I april 2008 kom “XO”, som har til no selt til langt over platina. Den har også satt Vassendgutane på toppen av Topp 20 lista i lengre tid.
Dagsaktuelle tekstar frå norsk bygdeliv, ispedd ein god dose humor kjenneteiknar òg denne plata.
Vassendgutane har i 2009 valt å kome til Breim på Norsk Country Treff som einaste plass av dei store countryfestivalane. Kjem du på konsert med gutane, kan du forvente å høyre låtar som Ungkar med dobbelseng, Silikon i tatti, Hytta mi, Granada og Siste dansen.
Vassendgutane er:
Sindre Aam, vokal og bass
Arthur Johan Bjørdal, vokal og gitar
Ernst Brune, trekkspel
Rune Brautaset, vokal og gitar
Lars Egil Vågseter, steelgitar
Leif Aase, vokal og elgitar
Bjørn Marius Øyehaug, vokal og trommer
Du finn meir informasjon på Vassendgutane sine nettsider her





















