11.-15. Juli 2012

Ni Liv

ni_liv_web

Ni Liv har sitt opphav i Bø i Telemark, og vart etablert vinteren 2002-2003. Dei var første åra kjent under namnet Bygdabilly Band, før dei i 2006 skifta til namnet Ni Liv. Melodiøs og fengande låter med norske tekstar på dialekt er blitt varemerke deira. Dei har fire plateutgivelsar bak seg, den siste kom i 2008 og heiter Sjumilsteg.

Som Halvor i eventyret Soria Moria slott, langar trioen frå Midt-Telemark ut med solide fråspark på sitt nye album, som inneheld bandet sine live-favorittar. Sjumilsteg er inga samleplate, men låtane har levd gjennom eit godt konsertår. Ni Liv har funne si eiga uttrykksform, og låtsmed Jon Solberg har aldri vore betre.

Den fyrste singelen frå Sjumilsteg, sommarlåta Det var den gong, blei ein aldri så liten radiohit for Ni Liv med A-listing og mykje speling på NRK P1. Videoen er i stadig rotasjon på NRK TV/Svisj. I denne songen boltrar låtskrivar Solberg seg i musikalske og tekstlege impulsar frå det året han var 16 år – nemleg 1993. Låta er smidd over ein De Lillos-lest, og Solberg syng varmt om band som Nirvana, Crash Test Dummies og Hellbillies. Singel nummer to, Tjønnimellom, låg 6 veker på P1 si B-liste, og singel nummer tre, Merkeband, låg heile 14 veker på A-lista. Ny rekord for Ni Liv.

Ni Liv syng om det heimlege, det menneskelege og om dei som fell utanfor. Ni Liv syng om livet, det evige, kjærleiken og galskapen. Ni Liv syng ikkje om glamour og silikon.

Sjølve kallar bandet musikken sin Telemarkana. Telemarkana betyr amerikansk og norsk folkeleg musikktradisjon i stolt samspel. Solberg har m.a. henta inspirasjon frå den amerikanske visesongaren Steve Earle. Mange av låtane på Sjumilsteg skreiv Solberg etter ei musikalsk rundreise i Amerika i oktober 2007. Der dukka det opp tekstlege og musikalske idéar som resulterte i låtar som Marianne, Lenge sea toget stoppa her og Land of opportunity. Sistnemnde er ei folkevise om nordmannen Frederick Petterson som kjempa på Amerikansk side i 1812-krigen. Marianne er ein rocka countrylåt med ein tekst som er inspirert av mange krunglete kjærleikshistorier fortalt av trommeslagar i Ni Liv, Eivind Aase.

Ni Liv har tidlegare gjeve ut to cd-ar med plateselskapet Warner i ryggen. Denne gongen satsar Telemarksbandet på sitt eige nyetablerte miniselskap Telemarkana Records.

Ni liv er:
Jon Solberg : song og gitarar
Eivind Aase : trommer og koring
Knut Olav Sandvik : bass og koring

På konsertar har Ni Liv med seg ein fjerdemann, og av og til ein femtemann.
Terje “meisen” Meisingset (tangentar og trekkspel) og
Kjetil Kaarstein (gitar, mandolin, lap-steel)

Du finn meir informasjon på Ni Liv si heimeside her

Last ned musikk herNi Liv

Comments are closed.