11.-14. Juli 2013

Lucky Lips

lucky_lips_medium

Lucky Lips er ei samling musikantar med forkjærligheit for Bluegrass og akustisk musikk, og har som band sterke røter i Amerikansk Roots og Folk.

Frå sin base i Oslo, hentar bandet inspirasjon frå knitrande vinylplater, lada med Bill Monroe, Dolly Parton, Ricky Skaggs, Johnny Cash, med fleire. Alle medlemmene har årelang erfaring frå band, scene og musikk. Dei har sunge og spelt instrument i heile sitt lange (og nokre ikke fullt så lange) liv. Heidi, Malin og Signe Marie skriv sjølve dei fleste tekstane, og saman arbeider alle sju materialet til ein stram og dynamisk kruttkule av ein opptreden.

I tillegg til mykje festival- og eventspeling, har Lucky Lips spelt på fleire store og små stader i Norge. Resultatet har vore fulle hus, gode tilbakemeldingar og svært fornøgde arrangørar.

Med engleaktige vokalharmonier som får nakkehåra til å reise seg, avansert strengespel som kiler i øra, samspel som superlim og ein intens blottlagt nerve, skapar Lucky Lips liv og leven som raskt omsettast i dansefot, trampeklapp og svært god stemning!

Du kan møte Lucky Lips i Kolbeins Saloon torsdag kveld og fredag.

Les meir om Lucky Lips og høyr låtar på NRK Urørt her

Comments are closed.