
I 1965 debuterte ein 16 år gammal Rune Larsen som plateartist. Singelen ”Cinderella” vart ein lokal hit blant dei sju fjell. Dette var byrjinga på ein platekarriere som skulle innbringe 5 sølvplater, 4 gullplater, 2 diamantplater, 2 platinaplater og et samla plateslag på 657 581 plater.
I same tidsperiode starta ein annan bergensar si karriere i underhaldningsbransjen. I 1964 gjorde nemlig Helge Nilsen en dobbelt-debutt som ingen andre bergensarar har kopiert. Han spelte inn sin første plate, og han fikk plassen som ”senterløpar” på Brann i same løparrekke som Roald ”Kniksen” Jensen og Rolf Birger ”Pesen” Pedersen. Å spele fotball på Branns topplag vart nemlig òg definert som underholdning. (Men det var den gong)!
Om ikkje den første singelplata til Rune Larsen gjorde han til millionær – han fikk 8 øre pr.solgte eksemplar – førte hendinga til fast jobb i Bergens mest populære band, The Stringers. Saman med Helge Nilsen, vart Rune og gruppa flaggskipet i den armada av grupper som no dukka opp frå alle kjellerlokala i ”Noregs Liverpool”. Rolv Wesenlund, innspelingssjef hos Norsk Phonogram, lanserte ”Bergen Beat” på platemerket Phillips og suksessen var stor – i Bergen og omegn.
For de fleste er nok Rune Larsen mest kjent som programleiar på TV, med suksessar som Lollipop, Noteknekk, Momarkedet og Absolutt Norsk, for å nemne nokre. Men det heile begynte med eit rockeband og ein dårlig betalt spelejobb på ein ”striledans” på Sotra.
Med åra vart omgivelsene noko annleis; konsertsalar, kirker og TV-studio, men drivkrafta var heile tida gleda i musikken. På 70-tallet fekk Rune stor suksess innan den kristne populærmusikken. Det vart TV-program og mange plate innspelingar. ”Hele menigheten synger” vart solgt i over 50 000 eksemplar og ”Han er min sang og min glede” vart – i følgje Dagbladet – den mest spelte songen på Ønskekonserten i 1978. Med denne bakgrunnen er Rune Larsen ein naturleg del av kyrkjekonserten under årets festival, der han i samarbeid med Helge Nilsen vil framføre ei gospel avdeling av sitt repertoar.
Òg Helge Nilsen har ei lang og variert karriere bak seg. Etter at The Stringers-epoken var over, starta Helge sitt eige band og hadde fleire store Norsk-topp slagar på 70-tallet. ”Moviestar” låg på førsteplass i 8 av 8 mulige veker, men også fleire andre songar oppnådde gode plasseringar. Helge Nilsen har gjennom 40 år i bransjen vist ein levedyktighet som få andre kan oppvise maken til. Då Lollipop-showet skulle flyttast frå TV-skjerm til konsertsalane, var det naturlig at Helge var ein av gjestesolistane. I 1993 deltok Helge i Melodi Grand Prix, saman med Rune Larsen og songen dei framførte, ”Det skulle vært sommer” er sidan blitt ein signatur-låt for Helge. Helge Nilsen produsert den første Lollipop – plata som selde til platina, og har utover det mottatt ei rekke platetrofeer (sølv, gull, diamant og platinaplater) for platesal i desse åra.
Det er med andre ord to erfarne artistar som skal ta oss med på ein musikalsk reise innan countrymusikken. Med nostalgisk gjensyn i Breimshallen, barnekonsert i Trivselhagen og gospelavdeling under Kyrkjekonserten.


















