11.-15. Juli 2012

G. Thomas

gthomas

”Den heilt spesielle countryfestivalen, med den gode atmosfæren”. Slik skildrar Gunnar Thommessen den årvisse countryfesten i Breim. Han har vore ein av artistane kvart einaste år, sidan den spede start i 1994. Norsk Country Treff (NCT) er blitt Gunnar Thommesen sitt hjertebarn, det legg han ikkje skjul på.
– Denne festivalen føler eg meg som ein del av, og vert gjerne med vidare så lenge eg er ønska, seier han.
G.Thomas, som er artist namnet til Gunnar, er ein av veteranane i norsk og skandinavisk country. Han har standhaftig halde seg til outlawsoundet som vart utvikla på 70-talet. Han starta sin karriere som countrysangar i USA i 1979, der han første opptreden var i Utah, med tips som lønn og under namnet ”The Norwegian Cowboy” Han har i seinare år hatt mange turar tilbake til USA og opptredd som gjesteartist, og tileigna seg mykje erfaring etter å ha jobba med meget profesjonelle musikarar og artistar. Sidan 1985 har G. Thomas gitt ut elleve produksjonar, og alle har fått god kritikk i media og frå fans. Dei to siste studioplatene har òg gitt han merksemd utover Noreg sine landegrenser. Tittellåta ”Jesus in a leather jacket” som kom ut i 1996, vart ein radio hit både på norske og utenlandske radiostasjonar.

Siste plata kom i 2008, og var ei samleplate frå 25 år som artist.

G. Thomas og hans turne`Band består av:
G.Thomas – lead vokal, akustisk gitar
Svein H. Karlsen – bass, vokal
Torgeir Moland – trommer
Lasse Pleym – gitarer
Kenneth Silden – piano

Les meir på G-Thomas si nettside her

Last ned musikk herG.Thomas

Comments are closed.